Zero boss and the art of waste management Part 2

 

Jeg sendte en email til Annegrete hvor jeg spurte om hun ville svare på tiltale og dette var det sporty svaret jeg fikk:) Hun kommer med flere gode poeng i slutten av mailen som muligens ikke kommer like godt fram i artikkelen som jeg refererte til.

 
 
Hei,
Eg pleier å svare på saklege innlegg, og ville gjerne svart deg, sidan eg
trur du har gode intensjonar, men eg holder meg langt unna blogginnlegg med
personangrep. Det er heilt ok å svare på konkrete, faglege spørsmål, og eg
svarer gjerne på eit innlegg der du stiller spørsmål om miljøreknskapet ved
kildesortering, ikkje om forskninga mi er motivert utifrå å skaffe meg ei
karriere. Personangrep er ei dårleg erstatning for saklege argument,
dessverre har du gått i den fella i ei så viktig sak.
Samtidig som folk kildesorterer iherdig for å spare miljøet, kan du jo sjå
på kven vi stemmer fram for å styre klimapolitikken og forvaltninga av
utsleppskjeldene, dvs oljepolitikken og transportsektoren. Det fellesskapet
stemmer fram seier ein del om kva folk eigentleg er villige til å ofre for
klima. Utsleppa per person går rett til vers, vinteren er synleg borte, og
folk er strålande fornøgde med å ha gjort det dei kan, det er det du burde
vere opptatt av. Folk må gjerne ha god miljøsamvittigheit for min del, men
det hjelper ikkje på den globale oppvarminga - tvert i mot, når ein køyrer
bil og reiser til syden med god miljøsamvittigheit. Du bør vere obs på kva
holdningar du sprer, om du vel å bidra til å gje folk tilgang til enkle
løysingar for god samvittigheit og til å gjere ting som ikkje har påviseleg
klimaeffekt.
Annegrete

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

ZeroBoss

ZeroBoss

16, Bergen

Zerowastehome.com

Kategorier

Arkiv

hits